Velg format

På lager
kr 259

Den gode historia

Skriveråd for engasjerande forskingsformidling

OMTALE: 

 

Ei god historie er nøkkelen til å kommunisere faget ditt slik at alle kan forstå deg. I denne boka deler den erfarne forskingsformidlaren Åsmund H. Eikenes sine mest sentrale virkemiddel for å fortelle gode historier om forsking, saman med ti effektive skriveråd for å mestre skriveprosessen frå start til slutt.

I boka lærer du å fortelle gode historier ved å:
- skape spenning
- strukturere ein tekst
- argumentere for ei sak
- bruke allsidige skriveverktøy
- skrive klart og tydeleg

Gode historier gjer at lesaren får glede av kunnskapen du vil dele. Boka gir innsikt og erfaring som hjelper deg til å kommunisere faget ditt, både som student, forskar og formidlar.

Informasjon om boka

  • Sider: 104
  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215048482
  • Utgivelsesdato: 13.10.2021
  • Bokgruppe: 219

Åsmund Husabø Eikenes

Åsmund H. Eikenes (f. 1986) er biolog, forskar, forskingsjournalist og forfattar. Han har gitt ut dei poulærvitskaplege bøkene Handboka (2016), SPRUT (2018) og Ny kunnskap om kreft (2020), samt ei illustrert faktaboka for barn (Knokedunk, 2019, ill. Eivind Gulliksen) og ein samtidsroman (Håkon, 2019). Han fekk Forskerforbundets Hjernekraftpris i 2013, og har undervist i forskingsformidling ved Universitetet i Oslo i fleire år. Eikenes er medlem av Akademiet for yngre forskere.
Mer informasjon om forfatteren