Velg format

kr 239
Forventet i salg 23.05.2025

Ei forteljing om det ufortalde

Bror min Kjetil og helsetenestas definisjonsmakt
Nokre av dei menneska i samfunnet som det er viktigast at ikkje er tause, er nettopp det.

Kjetil Eika var ein av dei. Da han var fem år, kom han på institusjon.

Det legestand og samfunn meinte var «det beste», tok frå han mulighetar andre barn fekk, og skapte eit liv i motstand.

Dette er ein forsøksvis biografi om ein høgt elska bror, og eit menneske samfunnet definerte gjennom avviket hans. Han var fødd med Downs syndrom. Forfattaren leitar etter Kjetil Eika si stemme i det som finst av arkivert journalmateriale, i forteljingar ho elles har hørt og i eigne personlege minne. Kva møtte han som femåring og seinare? Og korleis opplevde han det sjøl?

Det er eit paradoks at mange av dei tause, er blant dei det blir skrive mest om. Tekstar i journalar og mapper er verna av teieplikta og blir sjeldan utfordra av kritiske blikk. Samtidig har helsetenesta stor autoritet, stor grad av definisjonsmakt. Aller øvst i dette tekst- og kunnskapshierarkiet er medisinfaget og legestanden.

Synet på kva som er «det beste» for barn og vaksne som i medisinsk forstand er avvikande er eit anna i dag enn på 1960-talet, men kor mykje er eigentleg endra? Kjetil Eika blei diagnostisert med «alvorlig sykehsusskrekk», men hadde han verkeleg ikkje grunn til å vera redd legar?

Boka er særleg aktuell for studentar og alle som arbeider i helse- og sosialtenestene eller med desse tenestene i politikk, forvaltning eller forsking.

Informasjon om boka

  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215071466
  • Utgivelsesdato: 23.05.2025
  • Bokgruppe: 893

Kari Eika

Kari H. Eika er samfunnsøkonom, ph.d. og har arbeidd med styringsutfordringar i helse- og sosialtenestene både som forskar og byråkrat.
Mer informasjon om forfatteren