Choose format

In stock
NOK 899

Beslagsretten

Beslagsretten til kreditorane i konkurranse med rettane til tredjemann
Emnet for boka er beslagsretten til kreditorane i den «dynamiske fasen» der rettar eller formuesgode er i ferd med å skifte eigar eller rettshavar - eller har gjort det. Kan kreditorane ta beslag i rettar eller formuesgode som er på veg inn i, forbi eller ut av formuessfæren til debitor?

Tematisk høyrer framstillinga heime i den dynamiske tingsretten, konkursretten og tvangsfullbyrdingsretten. Beslagsretten til kreditorane blir drøfta særskilt for ulike konfliktsituasjonar («heimelskonflikten» og «suksesjonskonflikten»), ulike rettsstiftingar (eigedomsrett, panterett osb.), ulike formuesgode (fast eigedom, lausøyre, aksjar osb.) og ulike ervervsmåtar (avtale, arv, kreditorbeslag osb.).

Detailed information

  • Pages: 608
  • Language: Norwegian
  • ISBN: 9788215015743
  • Publication date: 11.03.2021
  • Book group: 221

Borgar Høgetveit Berg

Borgar Høgetveit Berg er dommar i Høgsterett. Han har tidlegare vore advokat hos Thommessen Krefting Greve Lund AS og Regjeringsadvokaten. Som forfattar har han gitt ut Hevd (2005) og fleire artiklar om tingsrett, pant og konkursrett.
More about the author