Your company account is blocked and you cannot place orders. If you have questions, please contact your company administrator.

Integrert kystsoneforvaltning

Planfaglege, samfunnsvitskapelege og juridiske perspektiv
Denne boka er eit resultat av eit fireårig tverrfagleg forskingsprosjekt, PlanCoast, finansiert av Norges Forskningsråd. Ein raud tråd i prosjektet har vore konseptet om ei integrert kystsoneforvaltning gjennom kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova og forvaltning etter sektorlovverket. Forventninga om å sjå sjø- og landområde i samanheng på tvers av kommune- og sektorgrenser er også sentral i boka.

Felles for alle artiklane i boka er at dei tek opp og diskuterer dagsaktuelle fenomen i den norske kystsona. Boka inneheld både planfaglege, samfunnsfaglege og juridiske fagartiklar. Enkelte artiklar er skrivne i samarbeid mellom forfattarar med ståstad i ulike fag for å sikre tverrfaglege tilnærmingar. Boka inneheld også artiklar frå fagpersonar i forvaltninga som dagleg handterer problemstillingar om bruk og vern av sjø.

Eit gjennomgåande trekk i boka er korleis planlegging etter plan- og bygningslova fungerer som integrerande reiskap i kystsona, i samspel med sektorlovverket, og kva forfattarane meiner er dei viktigaste utfordringane for å oppnå ei slik meir integrert forvaltning av kystsona i åra som kjem.

Boka er redigert av Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis ved Fakultet for landskap og samfunn, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) og prosjektleiar i PLANCOAST Katrine Broch Hauge, førsteamanuensis ved Nordisk institutt for sjørett, Universitetet i Oslo.

Detailed information

  • Pages: 612
  • Language: Bokmål/Nynorsk
  • ISBN: 9788215045085
  • Publication date: 18.08.2021
  • Book group: 211

Choose format

NOK 639

Katrine Broch Hauge

Katrine Broch Hauge er cand.jur fra UIB (2003) og ph.d. i rettsvitenskap fra UiO (2015). Broch Hauge er førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet, NIFS, UiO, og underviser i fast eiendoms rettsforhold, miljørett og ekspropriasjonsrett.
More about the author

Knut Bjørn Stokke

Knut Bjørn Stokke, førsteamanuensis i by- og regionplanlegging, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Stokke har over mange forsket på kommunal og regional kystsoneplanlegging. Stokke, K.B. og Haukeland, J.V. (2018). Balancing tourism development and nature protection across national park borders - a case study of a coastal protected area in Norway. Journal of Environmental Planning and Management, 61:12, s. 2151-2165.
More about the author