Choose format

In stock
NOK 409

Kritisk literacy i klasserommet

Med heile verda tilgjengeleg gjennom internett er evna til å vurdere vel så viktig som evna til å finne informasjon. Kritisk literacy er nøkkelen.

Denne boka handlar om kva det vil seie å ha ei kritisk tilnærming til tekst, og korleis ein kan arbeide med kritiske tilnærmingar i klasserommet. Med utgangspunkt i internasjonal teori og forsking blir kritisk literacy presentert både som ein kompetanse, eit teoretisk felt og som nokre didaktiske metodar.

Boka gir ein introduksjon til feltet kritisk literacy og tilbyr verktøy og konkrete eksempel på korleis lærarar kan arbeide med å utvikle elevane sine kritiske ferdigheiter.

Aslaug Veum og Karianne Skovholt er båe førsteamanuens i norsk ved Institutt for språk og litteratur, Campus Vestfold, Universitetet i Sørøst-Norge. Dei er produktive forskarar og faglitterære forfattarar med ei rekkje utgjevingar bak seg.


«[L]eserne [får] servert et vell av ulike redskaper for praktisk arbeid med kritisk teksttilnærming i klasserommet [...]. Dette gir både ideer, konkrete tips og kunnskap slik at vi lærere kan bidra til at elevene får økt bevissthet om hvordan de blir påvirket av tekster og selv kan bli kritiske lesere og skrivere.» Anne Rita Feet, Bedre skole nr. 4, 2020.

Detailed information

  • Pages: 152
  • Language: Bokmål/Nynorsk
  • ISBN: 9788215033075
  • Publication date: 29.05.2020
  • Book group: 215
Aslaug Veum

Aslaug Veum

Aslaug Veum er professor ved Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Sørøst-Norge. Ho har doktorgrad i tekstvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho forskar på blant anna lærebøker, avistekstar, sosiale medium, multimodal meiningsskaping og kritisk literacy. Veum leiar det NFR-finansierte forskingsprosjektet Critical literacy in a digital and global textual world (CritLit) frå 2020 til 2023. Ho har utgitt ei rekkje artiklar og bøker, blant anna: Tekstanalyse. Ei innføring (2014, med K. Skovholt), Literacy i læringskontekster (2013, med D. Skjelbred) og Diskursanalyse i praksis (2011, med T. R. Hitching og A. B. Nilsen, red).
More about the author

Karianne Skovholt

Karianne Skovholt er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for språk og litteratur, Universitetet i Sørøst-Norge, der ho underviser i kritisk literacy og samtaleanalyse. Skovholt har publisert fleire artiklar om lærar-elev-interaksjon og skrive bøker for lærarutdanninga. Ho har vore norsklektor i vidaregåande skule, rådgjevar i Språkrådet og styreleiar for Landslaget for norskundervisning. Frå 2018 til 2021 leiar ho det NFR-finansierte forskningsprosjektet Conversation Analytic innovation for Teacher Education (CAiTE).
More about the author