Choose format

In stock
NOK 519

Skrivedidaktikk

Korleis støtta elevane si skriving i fag, 2. utgåve
Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på, og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.

Forfattaren presenterer forskjellige typar støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av fagspråk om tekst, iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, samtale, respons og vurdering.

Boka har eit vell av eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag, både elevtekstar i utvikling og undervisningsopplegg. 2. utgåva av boka er oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020, med nyare forsking og har fått endå fleire eleveksempel. Skrivedidaktikk er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.

Detailed information

  • Pages: 236
  • Language: Nynorsk
  • ISBN: 9788215041353
  • Publication date: 22.02.2021
  • Book group: 225

Anne Håland arv v/Tor Lekve

Anne Håland er førsteamanuensis ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Universitetet i Stavanger. Ho har arbeidd mange år i grunnskulen, har halde ei rekkje kurs om litteraturformidling, lesestimulering, ny litteratur og lese- og skriveopplæring og utgitt mellom anna boka "Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget" (2007, med Lorentzen) og Skrivedidaktikk (1. utg 2016). Håland har også utgitt mange vitskaplege artiklar, mellom anna "Leseopplæring i norskfagets begynneropplæring med fokus på fagspesifikk lesekompetanse" (2016, med Hoem), "Hvordan samtaler lærer og elever om modelltekster? Et bidrag til modelltekstdidaktikken" (2018) og "The Quantity and Quality of Teachers' Self‑perceptions of Read‑Aloud Practices in Norwegian First Grade Classrooms" (2020, med Hoem og McTigue).
More about the author