Velg format

På lager
kr 449

Forstå, forklare, forandre

Om design av samfunnsvitenskaplege forskningsprosjekt

Anmeldelser:

Ein klar og målretta design er nøkkelen til å gjennomføre eit vellykka forskingsprosjekt. Samanlikna med den store mengda litteratur om forskingsmetode er forskingsdesign likevel stemoderleg handsama.

Forskingsdesign handlar om planen eller framgangsmåten for å gjennomføre eit forskingsprosjekt, stort eller lite. Det som kjenneteiknar ein bestemt forskingsdesign, er kombinasjonen av kunnskapsmål og strategiar for å produsere data.

I denne boka presenter forfattaren både kva som kjenneteiknar ulike forskingsdesign, og prosessen med å utforme ein forskingsdesign steg for steg. 2. utgåve er gjennomgåande oppdatert og betra, og det har komme til eit heilt nytt kapittel om integrerte design, det vil seie design som tek sikte på å utnytte både kvalitative og kvantitative data i eit samspel.

Boka kan lesast på fleire nivå. Ho vender seg til nybyrjarar som tek fatt på sitt første forskingsprosjekt, så vel som til meir erfarne forskarar.

Informasjon om boka

  • Sider: 240
  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215050928
  • Utgivelsesdato: 12.02.2021
  • Bokgruppe: 212

Oddbjørn Bukve arv v/Signe Witsø

Oddbjørn Bukve er dr. philos. i offentleg administrasjon og organisasjonsvitskap, og professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet. Bukve har i mange år, både som førelesar og rettleiar, sakna ei bok som tek for seg forskingsdesign på utførleg vis. Denne boka har han no skrive sjølv.
Mer informasjon om forfatteren