Kategorial danning og bruk av IKT i undervisning
- Kan vi arbeide med metodar i skulen utan å trekkje inn innhald og mål?
- Kva kan digital teknologi gje av pedagogisk meirverdi?
- Kan tysk danningsteori framleis vere til hjelp til å forstå undervisning og læring?
Denne boka handlar om det som skjer når danningsteori møter utfordringane med digital teknologi i skulen og særleg med bruken av mobile einingar (m-læring) i lærarutdanninga. Undervisningstema som er drøfta, er filosofi og etikk, engelsk litteratur og kunst og handverk.
Sentrale perspektiv er henta frå den tyske teoretikaren Wolfgang Klafki (1927-2016). Klafkis kategoriale danningsteori blir kritisk drøfta i lys av dagens digitale utfordringar, og mottakinga av teorien hans i norsk pedagogikk og didaktikk blir òg vurdert. Forfattarane argumenterer for at Klafki framleis er aktuell. Eit sentralt poeng for Klafki var at danning er tosidig; ho har alltid både ei formal og ei materiell side. Vi kan ikkje «lære å lære» utan å lære noko. Han peika også på at det konkrete emnet har ei generell side, ein kategori, av større eller mindre danningsverdi. For å kunne velje læringsstoff og metode, må læraren og læreplanmakaren må ha ein fagleg idé om kva dette kan vere.
Boken er også tilgjengelig i open access-utgave på Idunn.no.

Informasjon om boka
- Sider: 192
- Språk: Bokmål/Nynorsk
- ISBN: 9788215029467
- Utgivelsesdato: 23.04.2018
- Bokgruppe: 215