Planlegging som handling
Planlegging som handling inneheld ei inngåande drøfting av regionalpolitikk og regionalpolitiske regime både nasjonalt og internasjonalt, og trekkjer fram behovet for ein regionalt tilpassa eller differensiert regionalpolitikk.
Utgangspunktet for boka er at alle organiserte samfunn treng styring. Dette fordi summen av individa sine egoistiske handlingar ikkje alltid summerer seg til det samfunnet er mest tent med på sikt. Forfattaren drøftar korleis regionane i samarbeid med overordna og underordna styresmakter, og med privat og frivillig sektor kan arbeide for å oppnå legitimitet som regionalpolitisk aktør, og til å utvikle ein differensiert regionalpolitikk. Eit hovudpoeng for forfattaren er at planlegging er ein integrert del av handling på den måten at planlegginga bidreg til å sette ting på den politiske dagsordenen, organisere eit gjennomføringsapparat, iverksette handling og trekke lærdom av tiltaka sine resultat og effektar. På den måten er planlegging ein reiskap for politikkutforming og eit uttrykk for politisk vilje.
Roar Amdam (f. 1951) er professor i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda. Han underviser i offentleg organisering og leiing. Han har drive plan- og utviklingsarbeid i organisasjonar, lokalsamfunn og regionar i ei årrekke, og har dei siste åra forska på korleis planlegging kan brukast som reiskap for utvikling av organisasjonar og samfunn. Amdam har tidlegare skrive fleire bøker, m.a. Kommunikativ planlegging, og ei rekkje vitskaplege artiklar i norske og internasjonale tidsskrift.

Informasjon om boka
- Sider: 264
- Språk: Nynorsk
- ISBN: 9788215008523
- Utgivelsesdato: 27.06.2005
- Bokgruppe: 214