Velg format

På lager
kr 399

Skrivedidaktikk

Korleis støtta elevane si skriving i fag, 2. utgåve
Korleis kan læraren støtta opp om elevane si skriveutvikling på de ulike faga sine premissar? Skal du verkeleg læra deg eit fag, må du læra deg språket og skrivemåtane til faget. Kvart fag har særeigne måtar å bruke språk på og fagkunnskapen blir formidla gjennom desse skrivemåtane. Naturfag har sine måtar å bruka skrift på, norskfaget har andre. Desse skrivemåtane må læraren visa elevane sine.

Forfattaren presenterer ulike typar av støtte i skriveundervisninga som kan gi målretta og variert skriveundervisning i ulike fag. Ho viser korleis skriving i dei ulike faga bør skje i heilskaplege skriveprosessar knytt til den fagspesifikke tekstkulturen som finst i faget.

«Skrivedidaktikk» er delt opp i ni kapittel. Det første tek for seg kva skrivekompetanse er i ulike fag og presenterer viktige prinsipp for planlegging og gjennomføring av skriveundervisning. Dei fem neste kapitla er praktiske og viser ulike måtar læraren kan byggja stillas rundt skrivinga til elevane: ved hjelp av iscenesetjing av kommunikasjonssituasjonen, modelltekstar, skriverammer, språk og samtale. Dei siste kapitla handlar om vurdering og prosess-skriving.

Denne 2. utgåva er fagleg oppdatert i tråd med Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020. Boka har i tillegg eit vell av eksempel frå alle trinn i grunnskulen og frå ulike fag som norsk, naturfag og samfunnsfag. Skrivedidaktikken er utvikla i tråd med ny skriveforsking. Dette er viktig lesing for alle som arbeider med skriving i skule og lærarutdanning.

Informasjon om boka

  • Språk: Nynorsk
  • ISBN: 9788215041360
  • Utgivelsesdato: 17.02.2021
  • Bokgruppe: 893

Anne Håland arv v/Tor Lekve

Anne Håland er førsteamanuensis ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Universitetet i Stavanger. Ho har arbeidd mange år i grunnskulen, har halde ei rekkje kurs om litteraturformidling, lesestimulering, ny litteratur og lese- og skriveopplæring og utgitt mellom anna boka "Dialogar om tekst. Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget" (2007, med Lorentzen) og Skrivedidaktikk (1. utg 2016). Håland har også utgitt mange vitskaplege artiklar, mellom anna "Leseopplæring i norskfagets begynneropplæring med fokus på fagspesifikk lesekompetanse" (2016, med Hoem), "Hvordan samtaler lærer og elever om modelltekster? Et bidrag til modelltekstdidaktikken" (2018) og "The Quantity and Quality of Teachers' Self‑perceptions of Read‑Aloud Practices in Norwegian First Grade Classrooms" (2020, med Hoem og McTigue).
Mer informasjon om forfatteren